Folkeopplysing i skulen; for folk – om fe

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Kunnskapsministeren har kome med nye læreplanar for skulen. Forandring og fornying er bra, særleg i ei verd som er i stadig endring. Det er både viktig og rettig at læreplanane fokuserer på demokrati, folkehelse og berekraftig utvikling.
Det vert spanande å sjå læreplanen i sin heilheit, og korleis departementet har tenkt å legge opp løpet; Korleis elevane skal lære seg å verte meir kritiske, tenke rett og ta ansvarlege val.
Elevar skal blant anna lære om samanhengen mellom ulike aspekt i berekraftig utvikling, og utvikle evna til å ta ansvarlege val, handle etisk og miljøbevisst. Det er viktig at elevar får utvikla desse evnene. Men; kven definerer kva som er etiske og miljøbevisste val?
Når elevar skal lære kor vidt norsk landbruk og dyrevelferd er etisk, berekraftig og miljøvennleg, så skal det ikkje ha noko å seie om læraren din er medlem i NOAH eller Noregs bondelag. Kunnskap er makt, og skulen si viktigaste oppgåve er å gje born rett kunnskap. Elevar skal utvikle evnene sine basert på forsking og fakta, ikkje ideologi.
Det er mange i dag som ikkje veit kor maten kjem frå. Eg har møtt ungar som ikkje kan forskjell på sau og kyr, medelevar som trur mjølk produserast på fabrikk og folk som trur beitenæringa er ei myte. Det som før vart sett på som allmennkunnskap, er i dag spesialkunnskap. Både i bygd og by.

Det viktigaste vi kan gjere for å la elevar ta etiske val er ikkje teoretisk undervisning i bærekraft, men å syne det fram i praksis. Born må få sjå prosessen frå jord til bord, og sjå korleis matproduksjon fungerer.

Skal vi ha matproduksjon i framtida, må vi ha landbruk inn i barnehage og grunnskule. Ein må ha obligatoriske gardsbesøk, faktabasert undervisning, kompetansemål som går på kor maten vår kjem frå og framsnakking av den norske bonden. Å gje ungar kunnskap om kva dei et, og korleis det produserast er folkeopplysing. Eit ja til landbruk i skulen, er eit ja til norsk landbruk, eit ja til faktabasert folkeopplysing. Så får enkelteleven avgjere kva dei meiner er etisk og ikkje.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken