Flaum og naturskader, forebygging og vedlikehald av vassdrag

Arkivbilde

Arkivbilde

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Meninger 

Vi erfarer at været blir meir utfordrande og at nedbør oftare kjem i store mengder på kort tid. Dette medfører meir overvatn, fleir jord- og steinskred i skrått terreng og store areal blir sett under vatn. Vi registrerer også at overvatnet finn seg nye «vassvegar» og skaper store utfordringer for busetnad, infrastruktur, jordbruks- og skogsareal.

Overvassrøyr (stikkrenner) går ofte tette og misser slukeevne slik at vatnet må finne nye vegar som medfører at store vassmengder kjem på plassar der det ikkje skal koma vatn. Dette skuldas ofte menneskeleg aktivitet som vegbygging, omlegging av bekkefar og mangel på vedlikehald. Statens naturskadefond og forsikringsselskap betaler ut enorme summar kvart år i erstatning for naturskader i Noreg.

Det er fleir forhold som bør vurderast framover for å redusere skadene. Det går med store ressursar til reparasjon og utbetring etter flaum og skred og spørsmålet er om nasjonen tek nok omsyn til at det kjem meir vatn på kortare tid? Naturskadelova tek kun høgde for å erstatte skaden etter dagens standard og her skulle det vera plass for oppdimensjonering slik at slukeevna var tilstrekkeleg for at auka vassføring finn sin rette veg i terrenget.

Likeeins er det eit tankekors at vi «slepp forbi» store mengder kraftproduksjonsvatn i flaumperiodene i mange av våre store vassdrag. Spesielt om våren og dette er også ressurser ein burde ta vare på. Magasinering av flaumvatn ved å anlegge reguleringsdammer i større vassdrag ville vera ein vinn- vinn- situasjon. Vågåvatnet og Ottavatnet burde nettopp vera eit slik eksempel på flaumdemping og magasinering. Redusere oversvømming ved og bremse opp flaumvatn og i neste omgang bruke magasinet til el-kraftproduksjon og evt. auke minstevassføring forbi t.d. elvekraftverka, som miljø- og elvesporttiltak.

Flaumvatnet passerer som kjent forbi fleir vasskraftverk på sin tur til havet og desse har ei maksimum slukeevne som ikkje er tilpassa så store vassmengder, som flaum medfører. Derfor må flaumvatnet renne utanom kraftverka. Flaumvatn påverker også store jordbruksareal som svært ofte er nytilsådde med store gjødselmengder nedmolda i det øvre jordskiktet. Ved oversvømming av slike areal vil næringssalt (gjødsel) bli utvaska og ført ut i vassdrag som bidreg til unødig forureining.

Samtidig ser ein at det blir mindre og mindre plass for vatnet i mange av våre viktige elver t. d. Gudbrandsdalslågen med sideelver. Lite eller ingenting blir gjort for å ta ut tilført botnmasse for å betre kapasiteten i flaumstor elv som forplanter seg nedover vassdraget. Desse stein- og grusmassene er i tillegg ein unytta fornybar ressurs og representerer store verdiar for foredling til andre formål.

Oppland Kristelig Folkeparti vil forebyggje og planlegge heilheitleg for tiltak og vedlikehald av vassdrag og ikkje minst redusere unødig forureining. Vi håper med dette innspelet at det blir meir fokus på samhandling for utfordringene vi alle står framfor.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags