Eit sterkt elevdemokrati i Innlandet; også for lærlingane

TILTAK: - Eit enkelt tiltak ein kan gjere for å sikre at lærlingane er fornøgde med valet sitt, er å gje dei moglegheita til å påverke sin eigen kvardag med å opprette lærlingråd, skriver artikkelforfatterne.

TILTAK: - Eit enkelt tiltak ein kan gjere for å sikre at lærlingane er fornøgde med valet sitt, er å gje dei moglegheita til å påverke sin eigen kvardag med å opprette lærlingråd, skriver artikkelforfatterne.

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Lærlingar fortener same moglegheiter som elevar til å påverke sin eigen kvardag

I Innlandet ser vi ein svært gledeleg tendens, nemleg at fleire og fleire søkjer seg til yrkesfag. Fagarbeidarane er særs viktige for samfunnet vårt, og dei bør lyftast opp i endå større grad enn dei vert i dag. Eit enkelt tiltak ein kan gjere for å sikre at lærlingane er fornøgde med valet sitt, er å gje dei moglegheita til å påverke sin eigen kvardag med å opprette lærlingråd.

I fleire fylke har det vorte oppretta lærlingråd, med stor suksess. Elevdemokratiet er noko av det viktigaste ein har i skulen som elev, og fylkeskommunen tapar ingenting på å sikre elevdemokratiet ytterligare. Det er mange gode løysingar i dag, men ein ser at tendensen er at elevar som går studieforberedande løp i all hovudsak er dei som er representerte. Dette gjeld både i elevrådet på dei enkelte skulene, samt i elevorganisasjonen. Vi trur at dersom ein lærlingane får eit eige råd, så vil fleire engasjere seg, fordi dei får diskutere og jobbe med saker om omhandlar dei sjølve.

Det er ein svakheit i dagens modell at lærlingar ikkje får kome til orde. Med eit lærlingråd vil ein samle fleire som er i same situasjon. Dermed kan ein fange opp eit større omfang av problematikk som kan dukke opp, framfor å sitje vente på at lærlingane som enkeltpersonar skal sende inn klager. Når ein er fleire som kjenner på det same vil terskelen for å seie i frå verta mindre, fordi ein som lærling ikkje vil føle på at ein står åleine. Vi må sikre at alle som tek utdanning i regi av fylkeskommunen får moglegheit til å påverke og delta i elevdemokratiet.

Eit lærlingråd vil ha moglegheit til å arrangere konferansar og sosiale møteplassar der ein kan diskutere saker som skal takast opp i yrkesopplæringsnemnda. Dette gjer at fleire kan engasjere seg å kjenne at dei har ei stemme som vert høyrt inn mot nemnda. Ein vil dermed sikre eit lågterskeltilbod, som gjer det mogleg for lærlingar å ha eit talerør inn i fylkeskommunal samanheng. Det vil sikre i større grad enn i dag at lærlingar kan påverke dei fylkeskommunale sakene som angår dei. Det vert også enklare for representanten i yrkesopplæringsnemnda å representere lærlingane på ein heilskapleg måte.

Elev- og lærlingombodet gjer ein viktig jobb for å formidle informasjon om lærlingane sine plikter og rettigheiter, men av lærlingane sjølve opplevast det ikkje som ein egna kanal for å påverke. Vi trur at samhandling mellom elev- og lærlingombodet og lærlingrådet vil vera optimalt for lærlingane. På denne måten vil ein sikre at dei får både god informasjon og eit godt diskusjonsforum.

Vi trur også at eit lærlingråd vil vera ein fordel for fylkeskommunen, ikkje berre for lærlingane. Medlemmene i lærlingrådet har fyrstehandserfaring når det kjem til gjennomføring av studieløpet og relevans mellom studieløp og arbeidslivet. For at ein skal kunne utvikle skulen i positiv retning er det viktig å høyre kva elevane sjølve meiner ein kan utvikle vidare. Innlandet har ingenting å tape på å styrke elevdemokratiet og utvikle ei vidaregåande skule der alle vert høyrt.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags