Rask rassikring til Kvamskleiva

Av
DEL

MeningerKvelden 12. mars og natta etterpå skjedde det igjen. Alle fjellovergangar mellom Bergen og Oslo var stengt på grunn av uvær – alle utanom E16 Filefjell som var open for normal trafikk. Resultatet kjenner vi; trailertrafikken på E16 blir mangedobla og eit vilt kaos oppstår med trailarar i grøfta, på tvers og trailarar som har saksa seg. Innimellom står lokalbefolkninga innesperra og kjem seg ingen vegar.

No er det bestemt at E16 mellom Hande i Vestre Slidre og Øylo i Vang skal rustast opp til stamvegstandard på 8,5 meter. Løysing gjennom Fagernes er i prosess. Det er flott og viktig, men eit av dei vanskelegaste punktet på E16, Kvamskleiva står att.

Vi vil ta samferdselsministeren på ordet. På møte i Bergen i februar sa samferdselsminister Dale følgjande: «- Regjeringa er oppteken av å bygge systematisk over lengre strekningar. Det hjelp ikkje å bygge flott veg viss ein hamnar i ei snøfonn på neste parsell».

Vi meiner utbygginga av Kvamskleiva med rassikringsmidlar må forserast. Det hjelper ikkje å ruste opp E16 mellom Hande og Øylo når det er ein gigantisk trafikkpropp 2 km lenger nord i Kvamskleiva, på den mest rasutsette plassen i heile Innlandet. Vi kan ikkje vente til slutten av neste NTP-periode 2022-2023 med å gjera noko her. 

Vegen er ferdig regulert og vegvesenet er klare til innsats! Vi håpar samferdselsminister Dale vil bli med oss på eit samarbeid om å ruste opp vegen tidleg i NTP-perioden!


Ordførarkandidatar for Senterpartiet

Torstein Lerhol, Vang                          

Haldor Ødegård, Vestre Slidre


 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags