«Fest kjolar til jenter»

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

MeningerLet du deg irritere av skrivefeil? Det gjer eg, for eg får kaffien i vranga av og til. Då seier eg til meg sjølv at eg har då meir enn nok med å halde orden på det eg skriv sjølv og treng ikkje bruke tid og negativ energi på å rette på andre sine skrivefeil. Av og til kjem det framifrå eksempel i språkspaltene, som til dømes i ei annonse: «Fest kjolar til jenter for kr 399». Jammen er eg glad for at eg slepp å feste kjolar på jenter. I adventtida les vi annonser som vil ha oss til å kjøpe «pepper kake» og artiklar om «jole førebuingar» og «kake oppskrifter». Det kan nok hende at enkelte av oss har større tillit til rettskrivingsprogrammet vårt enn til vår eigen norskkunnskap. Det retteprogrammet eg har prøva, foreslår å dele mange av våre samansette ord, så eg har hatt mykje moro med å rette retteprogrammet. Eg slutta tidleg å bruke det.

I Språkspalta i fjesboka (FB) fann eg ein plakat i ein matvarebutikk der det stod: «Lutefisk biter skrei». Butikkeigaren hadde meint å by fram lutefiskbitar av skrei, men måten han skreiv det på, gjorde at mange fleire enn dei som kjøpte lutefisk, stoppa opp og kommenterte plakaten hans. Når ein lagar slik reklame må ein kanskje tåle at kundane får seg ein god latter.

Høgt på veggen til Agderpostens trykkeri, heng det ein plakat trykkeriet har vore uheldige med: «Agderposten’s trykkeri» står det, med apostrof. Eg har alltid lært at det skal skrivast Agdenpostens eller Agderposten si/sin/sitt/sine. Aldri med apostrof. Den nyttast i engelsk og amerikansk eigeform og er på full fart inn i vårt norske språk, nettopp fordi så mange ser ut til å adoptere skrivefeilen.

Er vi blitt immune mot skrivefeil? Kanskje vi blir utsett for så store mengder skrivefeil så ofte, at vi sluttar å reagere? Det kunne vi tenke litt over. Skjerpings folkens! La oss hjelpe kvarandre å bli gode i norsk. La oss halde språket vårt i hevd.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags