Bygge vidare Innlandet

INNLANDET: – Vi i Senterpartiet blir skulda for å ikkje ville Innlandet vel fordi vi tydeleg er imot fylkessamanslåinga som har gjeve oss ei fylke større enn Danmark, skriver fylkesvaraordføreren.

INNLANDET: – Vi i Senterpartiet blir skulda for å ikkje ville Innlandet vel fordi vi tydeleg er imot fylkessamanslåinga som har gjeve oss ei fylke større enn Danmark, skriver fylkesvaraordføreren. Foto:

Av
DEL

LeserbrevVi i Senterpartiet blir skulda for å ikkje ville Innlandet vel fordi vi tydeleg er imot fylkessamanslåinga som har gjeve oss ei fylke større enn Danmark. Vi blir skulda for å snakke ned fylkeskommunen fordi vi er sterkt kritiske til den sentraliseringa som har forsterka seg gjennom regionreforma og andre reformar dei siste åra. Noko dei siste tala frå SSB også viser tydeleg.
Dei hardaste til å kritisere oss er H og Frp, som sjølve ikkje ynskjer å ha eit fylkeskommunalt ledd i det heile teke. Dei vil ha store kommunar og ein fjern stat. Senterpartiet ynskjer tenester nær folk, lokalt eigarskap og politisk styring. Vi er tydelege på at vi ynskjer moglegheiter og utvikling i heile landet, og i Innlandet. Dette er det førande for vår politikk.
No har eit einstemmig fylkesutvalet i Innlandet vedteke å sende ut på høyring den Regionale planstrategien for 2020. Dette er eit dokument der fylket saman med kommunar og andre samarbeidspartnarar skal peike på kva vi treng å gå saman om for å løyse for ei best mogleg utvikling. Det har vore breie prosessar med samlingar. Innspela er samanfatta til eit utkast som no høyringspartane skal gje attendemelding på. Spørsmålet er korleis vi skal prioritere våre planar framover, kva for regionale planar det er vi treng og kor mange.
Innlandet fylkesting har vedteke visjonen «Innlandet – Eventyrlege moglegheiter. Eit fylke med sterke røter og store draumar, men ein ledande posisjon innan teknologi, industri, landbruk og reiseliv.» Utifrå visjonen er det fire satsingsområde som skal sikre ei heilheitleg politikkutforming; innbyggarar, innovasjon, inkludering og infrastruktur.
Senterpartiet meiner at fylkeskommunen skal vere tilstades i heile fylket i større grad. Med ein geografi som har høge fjell og djupe dalar, flate kulturlandskap og mjøsområdet krevst ulike løysingar. Senterpartiet meiner at for å få til ei utvikling i heile Innlandet og ei balansering av folketalsutviklinga, må vi sjå på nye løysingar og verkemiddel for næringsutvikling og utdanning. Dei må bygge på regionale fortrinn og styrke verdikjedene i den enkelte region og for fylket i sum. Vi er den grøne lunga og eit stort matfat i Norge, vi har store kraftressursar å bygge vidare på, spennande næringsliv og vi er eit område som mange vil besøke og opphalde seg i også i fritida.
Vi i Senterpartiet skal jobbe godt og konstruktivt saman med våre ordførarar og mange kommunestyrerepresentantar for å bygge heile Innlandet uavhengig av kvar fylkesgrensa går i dag.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags