Bygdedyret - ei stemme, ein vilje

Bildetekst: Vi vagla oss opp under Stusselegstugu som best vi kunne.

Bildetekst: Vi vagla oss opp under Stusselegstugu som best vi kunne.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeningerNorges Mållag hadde lagt haustseminaret til Lom for at målfolket skulle få med seg Diktardagene 2016 i Lom, heimbygda til Tor Jonsson. Årets tema var bygda, som stod sentralt i Tor Jonssons diktning. Laurdag hadde foredragshaldarane fått i oppgåve å tale om «bygdedyret», eit omgrep som Tor Jonsson fann opp i si diktning. Han var kjend for å lage nye ord, Tor Jonsson, når det ikkje fanst eit ord som passa godt nok for det han ville skrive om. Vi spaserte frå kulturhuset Utgard opp til barndomsheimen hans, Stusselegstugu.

Tor Jonsson vaks opp i stor fattigdom med ei sjuk mor som var ganske hjelpeslaus. Etter ei feide mellom faren og presten i bygda vart faren tvunge til å flytte frå husmannsplassen familien hadde dyrka opp og til denne vesle stoga. Då var Tor fire år. Tomta var så lita at det ikkje eingong var plass til å sette ei bytte poteter, skreiv han seinare. Den vesle familien fikk det endå vanskelegare, og faren døydde tidleg. Det klassedelte samfunnet med presten som representant for undertrykkarane, gjorde nok eit usletteleg inntrykk på fireåringen. Som vaksen fekk han aldri eit godt forhold til kyrkja og embetsveldet. Han var sterkt prega av oppveksten og søkte å kome vekk frå den trangsynte mentaliteten i Gudbrandsdalen på hans tid.

Forskar Mariann Villa tala svært ugjerne om bygdedyret, som ho hadde fått i oppgåve å halde foredrag om. Bygdedyret er eit sekkeomgrep om ei bygd med ei stemme og ein vilje. Bygdedyret er allergisk mot dei som er annleis. Omgrepet er også kalla «den rurale versjonen av Jantelova» eller «The Rural Horror». Ottar Brox og Andreas Hompland har også skrive om bygdedyret i sine artiklar. Anders Hompland har i tillegg skrive om «innflyttarplaga».

Forfattar Ove Røsbak fortalde at Prøysen også må ha møtt det mørke bygdedyret, slik han skreiv om det: «Dei reiser frå bygda og kjem tilbake til utfrysing og mobbing». Alf Prøysen hadde fått føle det klassedelte samfunnet på kroppen han også, mellom anna då han skreiv skulestil om at han ville bli forfattar når han blei stor. Den stilen fekk han ikkje godkjent av læraren. Han fekk den i retur med streng beskjed om å skrive ein ny. Ein husmannsgut kunne då ikkje bli forfattar! Då skreiv Prøysen stil om at han ville bli griskokk når han vart stor. Den stilen vart godkjend av læraren.

Som ein motpol til bygdedyret, heldt professor Dag Jørund Lønning eit glitrande foredrag om å utvikle bygda nedanfrå. «Bonde» kjem frå gammelnorsk og tyder «den buande». «Staden» er heile tida eit resultat av dei menneska som bur akkurat her. Vi må ta imot nye menneske på ein slik måte at dei får lyst til bli buande: Ta med deg dine erfaringar og ver deg sjølv her hos oss! Det handlar om å invitere folk inn og gje dei ansvar.

I Lom fekk vi prova at utfrysing og utanforskap er eit gammelt fenomen. Dyrkar vi så bygdedyret i Vest-Oppland? Eller vel vi å sette pris på at alle har sine personlege erfaringar og tør vise sine særtrekk?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags