Dobbeltkommunikasjonsministar Solvik Olsen

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevSamferdselsministar Ketil Solvik Olsen har nå utvida sin portefølje til å vera dobbeltkommunikasjonsministar. Han hevdar nå i fleire aviser at han og regjeringa sørger for at 4 av 5 husstander nå har tilgang til høgfarts breiband, Og at 98 prosent av Oslo sin befolkning har høgfarts breiband alt.

Dette er jo bra, men bakgrunnen for at dette har skjedd er jo ei formidabel omlegging og bruk av det digitale nettverket og at det er markedet nå som bygger ut. faktum er fortsatt at det er over ein million menneskjer i Norge som ikkje har tilbud om høgfarts breiband. Og for Oppland sine innbyggjarar så hjelp det lite at Oslo sin befolkning har nærmast full breibandsdekning når nærmare 40 prosent av opplendingane ikkje har den tilgangen. Da er du med å bidreg til eit digitalt klasseskille statsråd Solvik Olsen.

Det digitale klasseskille vert ikkje mindre av at vi bygger ut utanlandskablar, sjølv om det også er særs viktig og noko som vi også har støtta. Dette vil altså ikkje hjelpe dei på Hadeland, Toten, Land, Valdres og Gudbrandsdalen som ikkje bur innafor desse såkalla ikkje kommersielt lønsame områdene å bygge ut i for markedet.

Når meiner samferdselsministaren at det digitale klasseskille er viska ut og at alle kan få lik tilgang til elektronisk post, skulelekser over nett og kommunisere med sin bank og andre viktige forbindelser via eit høgfarts breiband?

Ivar Odnes

Stortingsrepresentant (Sp)

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags