En norm uten finansiering er ei skandale

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Meninger 

Ei norm for talet på tilsette per barn utan finansiering er ikkje måten å løyse utfordringane i barnehagane på. Detaljstyringa utan finansiering svekker det lokale handlingsrommet.

Alle barn skal ha eit skikkeleg barnehagetilbod utan omsyn til kvar dei bur i landet. Ein god barndom varer livet ut. Dette er KS heilt einig i. Men for kommunane i Oppland manglar det 23 mill kr på at reforma er finansiert, dette vil måtte gå ut over andre tenester.

KS meiner ei statleg bindande norm for kor mange tilsette det skal være i barnehagane ikkje gir det store løftet for barna i barnehagen slik det blir framstilt i lesar- og debattinnlegg. Framlegga frå Stortingsfleirtalet er ikkje riktig måte å løyse utfordringane i barnehagane på. Vi er einige i at ambisjonane om høg kvalitet i sektoren, nok folk, og tilstrekkeleg med barnehagelærarar kan medverke til betre barnehagar. Likevel meiner vi verkemiddelet er feil.

KS støttar opp om moglegheita til å fastsette lokale krav til talet på tilsette, men ei statleg norm for kor mange det skal være i kvar barnehage legg ikkje til rette for dette. Om kommunen ønskjer fleire tilsette i barnehagane sine enn lova krev, kan dei likevel ikkje krevje at dei private barnehagane fylgjer opp, sjølv om kommunen står for finansieringa. Ein konsekvens av dette er færre tilsette per born i private barnehagar. Situasjonen blir den same med statleg bindande normer.

KS meiner det er ei stor skandale dersom det ikkje kjem nye midlar til dekning av barnehagenormene. Det er skuffande å sjå at regjeringa held fram med å opptre som om normene når det gjeld tal på tilsette og tal på pedagogar per born blir finansiert frå staten si side. Det er dei faktiske kostnadane som må dekkjast og KS har fleire gonger lagt fram grundig dokumentasjon som viser at det i 2021 vil mangle om lag ein milliard kroner.

Eit stort fleirtal av kommunane har sett full finansiering som ein føresetnad for å støtte opp om barnehagenormene. Det same Stortingsfleirtalet som vedtar normen får óg rydde opp i finansieringa når dei handsamar revidert nasjonalbudsjett for 2018 og kommuneproposisjonen for 2019.

Ei detaljstyring utan tilstrekkeleg finansiering svekker det lokale handlingsrommet. I praksis vil kommunane få lita moglegheit til å prioritere ut i frå kva den einskilde barnehage treng. Om det ikkje kjem fleire midlar, tvinger det kommunane til å nedprioritere andre tenester, til dømes innan eldreomsorg.

KS meiner det er bra med høgare forventingar til barnehagetilbodet, men å sette inn ei statleg bindande norm får vente til ordninga blir fullt ut finansiert.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags