Gå til sidens hovedinnhold

Tre steg til ein betre itegreringsdebatt

Artikkelen er over 4 år gammel

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det finst knapt eit tema som engasjerer meir enn innvandring og integrering. Dagleg skriv media saker om temaet, og like sikkert som at Gjøvik ligg ved Mjøsa, fyllast kommentarfelta opp med den eine negative kommentaren etter den andre. No er det på tide å gå denne debatten nærare i saumane.

Eit argument som kjem opp no og då, er at det er tabu å debattere innvandring og konsekvensane av det. Det er ein påstand som fell på sin eigen urimelegheit. Vi som er positive til innvandring dominerer gjerne i leserbrevspaltene, men vi trenger ikke gå lenger enn til kommentarfelta for å finne meir enn nok av meiningsmotstandarar. I tillegg har vi Hege Storhaug, som skreiv ei bestselgjarbok om nettopp det at det kjem muslimar til Noreg.

Kjernen i kritikken min er tona i innvandrings- og integreringsdebatten. Sommaren 2016 skreiv 16-åringen Kaja Hilleren ein kronikk i Dagbladet der ho kritiserte innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug. Ho har evna til å formulere motsvar basert på politikk og med respekt for den ueinigheita som alltid vil finnast i politikken, men dessverre har ikkje alle tilhengarane hennar det.

Hillerens alder hindra ikkje at folk sende ho valdtektstruslar. No skal det seiast at nett det skjer sjeldan, men det er eit symptom på det eg meiner at er den største mangelen ved dagens innvandringsdebatt. Sjølvsagt taklar vi konstruktiv kritikk basert på politikk, det er ein naturleg del av demokratiet, noko FrP skal ha ros for at dei klarar. Men diverre finn ein også mange motsvar som ikkje har nokon politiske argument, anna enn frykt, eit konsekvent pessimistisk syn og noko som kan likne på forakt for meiningsmotstandarar. Her er eit døme frå Nettavisen si Facebook-side:

Lurer på hvem som er mest kunnskapsløs. Den som opplever daglig og håndhever loven. Eller ei overbetalt og naiv blondine som fortsatt lever i sin egen lille Barbie verden.. Neida, ingen land har noen problemer med innvandring… ikke Sverige, ikke Norge, ikke Belgia, ikke Tyskland, ikke Danmark, ikke Frankrike.. Alt er topp, så man trenger bare å la det skure å gå.. Gjør jo ikke noe om noen ANDRES døtre blir voldtatt og utsatt for overgrep.. Bare det ikke skjer disse naive fjolsene, for skjer det med de, så for nok den pipa en annen lyd.

Det er ikkje det at eg vil kneble nokon, det er i demokratiet si interesse at så mange som mogleg deltar i det offentlege ordskiftet. Men det bør vere eit mål at debatten leiar ein stad, at ein sit igjen med auka innsikt etter å ha sett seg inn i han. Kor mykje innsikt sin ein igjen med etter kommentaren over? Det er nettopp det eg ønsker meg denne kronikken, å kome med tre konkrete forslag til korleis integrerings- og innvandringsdebatten kan bli betre. Edruskap i staden for frykt, legge vekk personangrepa ein gong for alle og slutte å innbille seg at det er tabu å diskutere innvandring og islam.

1: Edruskap, fordi frykt er elendig som politisk kompass. Ingen nektar nokon å vere ueinig i gjeldande politikk eller å vere uroa. Men ein er alltid tent med å ta eit skritt tilbake og sjå fleire sider av ein sak, enkle sanningar finnast ikkje i politikken. Å la seg styre av frykt er den beste måten å låse seg i eitt spor.

2: Å legge personangrepa ein gong for alle, fordi politikk handlar om meir enn enkeltpersonar, han handlar om meiningar som delast av ein fellesskap. Denne utfordringa går også like mykje til mi eiga side. Sjølv om Sylvi Listhaug ikkje er særleg populær på venstresida, så er no trass alt ikkje noko “vondskapens apostel”.

3: Å slutte å tru at det er tabu å debattere innvandring. Er det eitt tema i norsk offentlegheit som det ikkje er tabu å debattere, så er det dette. Det finst vel knapt noko tema som debatterast meir og som vekker sterkare kjensler, noko kommentaren eg siterte over er døme på. God debatt!

Kommentarer til denne saken