Arbeiderklassens døtre og vald i arbeidslivet

Åse-Kari Kobbersletten på talerstolen under FOs landsmøte

Åse-Kari Kobbersletten på talerstolen under FOs landsmøte Foto:

Av
DEL

Leserbrev
Nær halvdelen av FO sine medlemmar har vore utsett for vald eller trugsmål siste året, og kvar sjette opplev det månadleg eller oftare.
Kvart femte medlem har opplevd netthets mot arbeidsstaden sin, og seks prosent har opplevd netthets som har vore retta mot dei personleg.
Sju prosent har opplevd fysisk seksuell trakassering det siste året, og seksten prosent har opplevd verbal eller nonverbal seksuell trakassering. (FAFO-rapport 2019-32)

Vald og trakassering er arbeidsmiljøproblem med stort omfang, og kan medverke til dårleg helse.
Det er eit fellesdrag at tilsette har mangelfull kunnskap og informasjonstilgang om kva verksemder gjer for å redusere desse vanskane. Her må tillitsvalde på banen og sjå etter at arbeidsgjevar oppfyller sine plikter for å trygge dei tilsette på jobb.

Ein farleg byggjeplass blir stengt om ikkje farer blir retta. I mannsyrkje blir det jobba systematisk med debriefing, trening og førebuing på farlege situasjonar, i t.d. brannvesen og politi. Kvinneyrkje med same eller høgare risiko for å bli utsett for vald har ikkje slike system. Og så spør dei kvifor folk vert sjukmelde? Kvifor søkjer ein seg andre jobbar?

Det skal ikkje vera farleg å gå på arbeid. Risikoen for frustrasjon aukar med låg bemanning, og evnen til å førebyggje vanskeleg åtferd kan reduserast med gode rutiner, nok folk og rett kompetanse.
Dette tek ikkje arbeidsgjevarane på tilstrekkeleg alvor for dei tilsette i kvinnedominerte yrkje.
Det går ut over kvaliteten på tenestene til dei innbyggjarane som treng hjelp, og det er ei helsefare for dei tilsette.

Min påstand er at dette omfanget av vald og trugsmål mot tilsette i velferdssektoren heng saman med kjønn.
Det er kvinner som opplev den grove fysiske valden heime hjå seg sjølve, og det er flest kvinner i dei velferdsyrka som er særleg utsett for vald, trugsmål og (ofte seksuell) trakassering på jobb.

Eg stiller spørsmål om det ikkje er lettare å ty til trugsmål og vald overfor kvinner, enn overfor menn, også på jobb.
Vi kan og undrast om ikkje arbeidgjevarane tykkjer at kvinner er meir «spendable» arbeidstakarar enn menn, sidan tryggingstiltaka tykkjest mangelfulle, ut frå konklusjonen i FAFO-rapporten.

I høve verdsdagen til kamp mot vald mot kvinner ynskjer eg i år å seta særleg fokus på den vald som vert utøvd mot kvinner som er på jobb, og utfordre arbeidsgjevarane på tiltak mot vald på arbeidsplassen. Og ikkje minst: Dei tillitsvalde må vera vaktbikkjer, og syte for at arbeidsgjevarsida følgjer opp pliktene sine, og ikkje kastar personalet til valdsutøvarane. Pass på kvarandre!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags