De som brøyter og strør trenger å bli heia på

UTFORDRENDE: – Alle som driv med beslutningar basert på værprognoser veit kor utfordrande det kan vera. Dei som brøyter og strør gjer ein god jobb, skriver artikkelforfatteren.

UTFORDRENDE: – Alle som driv med beslutningar basert på værprognoser veit kor utfordrande det kan vera. Dei som brøyter og strør gjer ein god jobb, skriver artikkelforfatteren. Foto:

Av
DEL

MeningerStatens vegvesen har ansvar for drift av riks- og fylkesvegnettet. Driftsentreprenørar utfører desse oppgåvene for Statens vegvesen gjennom kontrakter som er inngått etter anbudskonkurranse. I Oppland har vi i dag seks kontrakter med ulike entreprenører som gjennomfører alt frå kantklypping og feiing sommarstid, til brøyting og strøing om vinteren.

Statens vegvesen har eit byggherreansvar, medan entreprenørane har ansvar for å gjennomføre tiltak kontraktsfesta krav. Dette ansvaret vil si at det er entreprenøren som tek beslutningar om tiltak som må gjerast og gjennomfører desse på vegnettet. Kontrakta sett blant anna krav til beredskap, krav til utstyr, tidsfrister for brøyting og strøing og dokumentasjon. Entreprenøren skal dokumentere at han gjennomfører dei oppgåvene han skal innan for gjeldande fristar. Statens vegvesen gjennomfører stikkprøvekontroller for å kontrollere at entreprenøren gjennomfører oppgåvene sine i tråd med fastsette frister og med rett kvalitet.

Det er store krav til kompetanse for dei som skal utføre brøyting og strøing for Statens vegvesen. Alle må gjennomføre eit obligatorisk kurs og ha godkjent eksamen i vinterdrift. Gjennom kurset må kvar enkelt dokumentere at dei har nødvendig kunnskap om utstyr, trafikksikkerheit, rett bruk av salt og strøgrus og tolking av vær- og føreforhold.

Dette skal blant anna gje dei nødvendig kompetanse til å vurdere og ta rett beslutning til rett tid.

Som alle andre kan også dei som driv innanfor denne bransja gjera ei feil vurdering. Alle som driv med beslutningar basert på værprognoser veit kor utfordrande det kan vera.

Dei som brøyter og strør gjer ein god jobb. For å sikre at desse fortsett med dette viktige arbeidet, og at ein i tillegg får rekruttering, treng desse å bli heia på.

Avslutningsvis vil eg minne om at alle trafikantar har eit ansvar for å tilpasse farten og køyre etter forholda, noko som Vegtrafikklova er tydeleg på. Det inkluderer og å ha dekk som tilfredsstiller krav til å køyre på norske veger vinterstid.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags