Dårlig signal å rive spor på Valdresbanen

Skisse til Dokka kulturstasjon fra 2012.

Skisse til Dokka kulturstasjon fra 2012. Foto:

Av
DEL

MeningerKommunestyret i Nordre Land vedtok 18. juni å be departementet vurdere framtidig bruk av Valdresbanen. Nye Valdresbanen har lytta til debatten på Kommune-TV og konstaterer at Senterpartiet og Høgre med ordførar Ola Tore Dokken og varaordførar Tove Haug i spissen argumenterte for at gjerde, skinner og sviller må fjernast, mens Arbeidarpartiet, SV og Bygdelista var ueinige i dette.

På møtet vart delar av forslaget frå administrasjonen avvist. Eit godt forslag frå SV om å gjenopprette gods- og tømmertrafikk, frå ny terminal sør for Dokka, vart også avvist. Heldigvis la Ap ved Marit Midthaug Rønningen fram to konstruktive tilleggsforslag, eit forslag som avviste administrasjonens forslag om å avgrense dresinturisme til strekninga Dokka-Odnes, og eit forslag som avviste at skinner og sviller skal rivast. Men ordføraren fekk banka igjennom eit vedtak med 15 mot 10 stemmer om at banen skal «frigjøres til annen bruk, for eksempel tur- og sykkelveg, og /eller skogsbilveg». Konklusjon: Kommunestyret er altså både mot og for å ta vare på sporet.

I kommunestyret viste ordføraren til samtale med «Valdresbanens Venner». Valdresbanens Venner, med Åge Hovengen (Ap) som pådrivar, eksisterte til persontrafikken vart nedlagt i 1989. Valdresbanen har to organisasjonar: Interesseforeningen Nye Valdresbanen (NVB) og driftsselskapet AS Valdresbanen (ASVB), der NVB og Nordre Land kommune er dei største aksjonærane. ASVB har med frivillig innsats på femten sesongar frå 1989 til 2008 transportert 14.749 turistar med tog, og 10.800 dresinpassasjerer, mellom 1997 og 2019.

«Eg trur også at Valdresbanens Venner ser at det ikkje er muleg å få i gang att vanleg trafikk på banen», sa Ola Tore Dokken. Tvert om. Hadde vi ikkje trudd på det, hadde vi ikkje brukt 280.000 kroner på å få Railconsult AS til å utarbeide ein tømmerrapport som viste at det er muleg å starte opp att tømmertrafikk. I 2018 vart det ifølgje SSB avvirka 430.549 kubikk med tømmer berre i Land, Etnedal og Nord-Aurdal og heile 825.742 kubikk i Toten, Gjøvik, Land og Valdres. På 1980-talet var Dokka største tømmeropplastingsterminalen for tømmer på jernbane. Numedalsbanen er eit eksempel på at det er muleg å dra i gang att tømmertransport på ein nedlagt bane. 31 kilometer frå Kongsberg til Flesberg er rusta opp med betongsviller og pukk til ein kostnad på 60 millionar kroner. I samferdselssamanheng er det lommerusk når ein veit at kilometerprisen for å bygge ny E16 Bagn–Bjørgo ligg på 150 millionar.

Dokken sa i kommunestyret at vi ikkje må sende tømmeret ut av distriktet, men foredle det her. Men halvparten av skogen som blir avvirka, er massevirke, og etter at nesten alle papirfabrikkar i Norge er nedlagt, må mesteparten av massevirket til Sverige. Då er jernbane billig og miljøvennleg. I møtet vart det elles hevda at skogbrukaren berre tener ei «krone på stokken» ved sal av massevirke. Ifølgje SSB var kubikkmeterprisen på sliptømmer 347 kroner i andre kvartal 2019.

Dresinturisme, som Valdresbanen har drive med i 23 år, er ei flott form for opplevingsturisme som grip om seg internasjonalt og bidreg til å trekke turistar. Dessutan er det eit flott aktivitetstilbod for Land og Valdres sine 22.068 hytteeigarar. Men for oss i Valdresbanen er det fyrst og fremst eit middel til å ta vare på banen.

Dokkens hovudargumentet for å få vekk Valdresbanen er at den hindrar sentrumsutvikling, og er miljøskadeleg. Tove Haug peika på at stasjonsområdet vil eigne seg til leilegheitsbygg og etablering av leikeplass og aktivitetspark. Det eine er ikkje til hinder for det andre, det er muleg å realisere dette utan å rive spor og ta heile tomta. Det er elles store ledige flater mellom Bergfoss og stasjonen, og på gamle travbanen. I 2012/2013 la kommunen ned pengar i ein plan for Dokka kulturstasjon som kombinerte sentrumsutvikling og jernbane. Ta fram att denne.

I ei tid der vi står overfor ein klimakatastrofe og ikkje klarer å oppfylle det internasjonale klimamålet, er det eit forferdeleg dårleg signal å bruke fleire titals millionar på å rive 91 km jernbanespor mellom Bjørgo og Eina. NVB og ASVB saknar elles å bli høyrde i den prosessen som Nordre Land har sett i gang langs Valdresbanen. Det er berre Etnedal som har bedt om høyringskommentar frå Valdresbanen, og dei har då også sagt nei til oppriving.

I 30 år har fleire av oss lagt ned stor innsats for Valdresbanen. Eg har jobba mykje i lag og foreiningar, men aldri opplevd å møte slik motstand frå enkelte politikarar og det offentlege for å drive gratis, frivillig arbeid til det beste for distriktet som det vi har møtt i Nord-Aurdal. På Dokka har vi hatt godt dresinsamarbeid med Nordre Land kommune. Frå kommunen var det eit sterkt ønske å få i gang dresinutleige Dokka–Hov. Jernbaneverket sa nei, men ASVB fekk ja etter å ha teke kontakt med samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. Men no vil altså ordføraren rive sporet.

Valdresbanen har med mykje strev spara opp pengar til å kjøpe inn 23 tandemdresinar, fire motorvogner (tekniskindustrielle kulturminne, brukt på Valdresbanen frå 1953), skinnegåande gravemaskin og traktor og anna utstyr. Om det ikkje er politisk vilje til å behalde sporet, får vi finne oss i det. I så fall får vi selja eller gi bort materiellet til Numedalsbanen eller Flekkefjordbanen, som har suksess med turistsatsing på gamle spor.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags