Kva tenkjer du når du kjøper «Norsk Fjellbrød» eller «Hallingbrød» i butikken? At brødet er laga på norske råvarer? Det stemmer ikkje. I dag importerast mellom 30 til 60 prosent av matkornet frå Sverige, Polen eller Tyskland. Ein grunn er at det ikkje produserast nok matkorn i Noreg.

Oppland Bygdekvinnelag vil ha merking som syner kva land kornet i brødet, bakevarer og mjølet kjem i frå, slik vi har det på kjøtt og grønsaker. Merking er eit viktig grep for å lukkast med å auke sjøforsyningsgraden av norsk matmjøl.

Matkjedene sit på nøkkelen. Dei kan velje å merke brød, bakevarer og mjøl med opphavslandet for kornet. Sjøl om lova ikkje krev det, oppfordrar vi matkjedene til merking av opphav på brød, bakarvarer og mjøl. Då kan vi forbrukarar ta opplyste val.

Matkjedene kan spele på lag med kundane sine. Dei kan medverke med god informasjon og kunnskap. Det er meir berekraftig framfør å finne på grep for marknadsføring for å få brød og bakarvarer til å sjå så norske ut som mogeleg. Om det er bruk av kreative namn som «Norsk Fjellbrød» eller å pynte emballasjen på kveitebollar med kjevle og norske flagg.

Merkeordninga Nyt Norge er eit opphavsmerke for mat produsert i Noreg. Kravet til bruk av ordninga for produkt som er sett samen som brød og bakevarer, er at minst 75 prosent av råvarene skal vere dyrka og foredla i Noreg. I dag finst det berre tre brød merka med Nyt Norge.

Norske brød må bakes på norsk korn. Vår draum er å sjå brød i alle daglegvarebutikkane med « Nyt Norge-merking». Fyrst då kan me tala om at vi har norske brød i hyllane på butikken.