Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Noreg er eit vakkert land. Nasjonalparkane representerer det aller flottaste vi har av natur. Her har naturen fått vere seg sjølv gjennom generasjonar. I sitt eige tempo, og på sine eigne premissar. Nasjonalparkane har truleg sett betydeleg fleire av oss nordmenn under korona. Og fleire kan det bli denne sommaren.
Jotunheimen har alt – frå vestlandsk natur med høge, kvasse tindar via skog og vakre kulturmiljø til austnorsk natur med store dalar og fjellvatn. Namnet kom frå forfattaren Aasmund Olavsson Vinje, og spelar på naturen og norrøn mytologi. Du skal leite lenge for å finne kjemper i Jotunheimen, men her finst mellom anna merka stiar og selskapelege turisthytter, fugl og fisk, villrein og tamrein.
Vi står midt i ei klimakrise og ei naturkrise. Sjølv om nasjonalparkane ikkje kan løyse klimaproblema er dei viktige fordi dei tar vare på heilskapen i økosystema. Dei gir vern av store område der naturen får betre moglegheit til å tilpasse seg dei endringane som skjer, og dei gir langsiktig vern mot inngrep som kan øydelegge livsviktige område for plantar og dyr. Heilskaplege, velfungerande økosystem gjer naturen meir robust mot klimaendringane vi står overfor.
Fleire og fleire av oss bur i byar, vi lever meir stilleståande liv med mindre fysisk aktivitet. Derfor blir friluftsliv og natur berre viktigare. Vi treng stader der vi kan finne ro og fred – der vi kan styrke kropp og sinn. Nasjonalparkane våre er slike stader. Nasjonalparkane blir ikkje bygde ned. Her blir det ikkje etablerte hyttebyar, her blir ikkje fossane lagt i røyr. Her kjem ingen motorveg. Det er godt å vite at i ei verd som forandrar seg stadig raskare, framleis finst stader som får fortsetje å vere kva dei var.
Men nasjonalparkane skal ikkje berre ligge der. Regjeringa er opptatt av at den flotte naturen òg skal kunne brukast. Både av lokalbefolkning og turistar. Regjeringa meiner at nasjonalparkane våre òg kan vere ei kjelde til verdiskaping og då særleg gjennom reiselivet. Ja, den storslagne naturen i nasjonalparkane våre er jo sjølve råvara for norsk reiseliv. Mange av nasjonalparkane er tilrettelagt for ulike brukargrupper. Det er stor variasjon i opplevingar som kan skape entusiasme hos både liten og stor. I nasjonalparkane kan ein utøve friluftsliv og ulike spennande aktivitetar.
Dei er godt brukt, stiane inn til våre mest besøkte turmål. Dei tråkkast ned av både heimlege og internasjonale turistar. Dette betyr ulykker og skader for mennesker, men òg slitasje og forsøpling på naturen. Førebygging og ivaretaking er naudsynt. Det er det mange som bidreg til, også mange frivillige. Ordninga Nasjonale turiststiar gir økonomisk hjelp til ei rekke tiltak som til dømes stipatruljar, betre informasjon, opparbeiding av stiar, naudbuer og sanitæranlegg. Erfaringane frå Nasjonale turiststiar viser at ein gjennom enkle tiltak kan løyse dei utfordringane som stor ferdsel gir.
Nasjonalparkane er stader vi kan komme tilbake til og kjenne oss igjen i. God tur i ein av dei vakre nasjonalparkane våre i sommar!