Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
«Borni må få fotfeste i heimegrendi, elles vert dei rotlause heile livet»
Ordé av Aslaug Høydahl kan vera tankevekkjande i valkampen. Gong på gong høyrer me at trivsel, dugnadsånd og gjevarglede er høgst i grendene, ikkje byane eller tettstadene. Det er i grendene og bygdene det blir skapt kultur, i mindre grad i dei annsame byane. Når skule og kremar forsvinn, tek me òg noko av sjelé, tradisjonen, kulturen vekk. Der det framleis finst stølsliv, mjølkegardar, urørt natur, postgang, er det trivsel og tradisjon. Natur og kultur til saman skapar trivsel og vekst, medan nedbygging av urørt natur og kommersialisering av kulturen er kulturell erosjon; grendene blir færre og fattigare.
Når Nord-Aurdal kommune vedtek å senke talet på heradstyrerepresentantar frå 25 til 21 (og då Formannskapet frå 7 til 5), er det eit alvorleg åtak på folkestyret. Er det grender eller småparti ein ynskjer å få vekk – eller båe?
Nokre tankar for å halde best mogleg på grendene og bygdefolket:
*Markagrense for å hindre uhemma hyttebygging, ville vegar i naturen, støy og uro.
*Tilsvarande med Strandsone, kombinert med klåre reglar for motorferdsle på fjorden.
*Oppmuntre God byggjeskikk, med innføring av byggjeskikkpris att og strengare reglar for riving,gjerne ein verneplan for gamle og verdfulle hus. Det offentlege må sterkare inn med oppmuntring og støtte.
Helsehuset på Fagernes (VLMS) og bybussane Fagernes-Leira var to store framsteg for kommunen og Valdres. Dette må fylgjast opp med fleire tilbod på helsehuset, og med utvida busstilbod til dømes forlenging til Ulnes, Skrautvål, Bjørgo ogTisleidalen.
Stans avgrendingé!
Ivar Aars,
Nord-Aurdal KrF