Gå til sidens hovedinnhold

3 timar eller 30 minutt til sjukehus

Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.

Einar Busterud, ordførar på Hamar, og eg, som bur i Skjåk, har ein ting til felles. Vi bur begge i ein geografisk utkant i fylket. Det vi ikkje har til felles er avstand til sjukehus. Busterud har maks 30 minutt til eit sjukehus uavhengig av kva struktur Helse Sør-Øst og Bent Høie landar på, eg minst 3 timar avhengig av kvar ambulansen er når alarmen går.

Nå skal sjukehusstrukturen avgjerast. Vanskeleg og konfliktfylt sak fordi det betyr så mykje for tryggleik for den enkelte av oss. Personleg meiner eg at tida for å skrote både hovudsjukehus- og foretaksmodellen er inne. Både i Hedmark og i Oppland Senterparti har vi hatt gode prosessar. Men i Oppland har vi eit fylkesårsmøtevedtak der eit fleirtal fortsatt støttar hovudsjukehus på Moelv. Vi var også tydelege på at vi meiner at Lillehammer skal ha akuttsjukehus og Gjøvik det elektive. Dersom hovudsjukehuset blir etablert ein annan stad, støttar vi ikkje lenger denne modellen og vil gå attende til dagens modell og vidareutvikle den. Vi var også tydelege på at det endelege valet av struktur må gje ei heilheitleg og geografisk balanse i Sjukehuset Innlandet sitt opptaksområde.

Det som bekymrar mange av oss er økonomien og dei sparetiltaka som Sjukehuset Innlandet har hatt og vil ha framover. Investeringsmidlar til eit nytt hovedsjukehus eller andre nødvendige investeringar generelt er ikkje pengar som sjukehuset får, men det må takast frå drifta ved å spare. Det betyr at når eit hovedsjukehus er berekna å koste 9 milliardar, skal dette baserast på 30 prosent oppsparte midlar og 70 prosent lån av staten som vi må betale rente på. Derfor har Sjukehuset Innlandet store innsparingskrav i dag og dei blir enda større når prosjektet skal realiserast. Opp mot 600 millionar må sparast på drifta kvart år. Dette kan gå utover pasienttilbodet og sengekapasitet om vi ikkje får gjort noko med finansieringsmodellen.

Oppland Senterparti er tydelege på at akuttfunksjonar må oppretthaldast i dei eksisterande sjukehusa til eit hovedsjukehus er på plass og dei prehospitale tenestene og lokalmedisinske sentra skal sikrast og vidareutviklast for å oppretthalde beredskap og desentraliserte spesialisthelsetenester i heile fylket. Det som før var «Samhandlingsreformen», men som no har fått namnet «Helsefellesskap», handlar om samhandling mellom sjukehus og kommunane. Her må og skal kommunane ha reell moglegheit for medverknad og må sikrast økonomi om dei skal ta over ansvar for pasientar. Vi er veldig bekymra for dei nedtaka vi ser i sengekapasitet i dag, spesielt innan psykiatri, og dei nedtaka som er planlagt inn i ny struktur. Pasientar blir ikkje friskare av færre senger, men av eit godt og sikkert tilbod der dei blir ferdigbehandla.

Vi har ikkje småe sjukehus i dag, verken i norsk eller i europeisk målestokk. Vi har dyktige folk som står på døgnet rundt for at pasientane skal få god og nødvendig behandling. Pasient i fokus, heiter det, men slik det er i dag blir det opplevd som økonomi i fokus. Vi ynskjer helse og omsorg, men det er konkurranse og økonomi som styrer helse-Norge i dag og ei handfull menneske i dei fire regionale helseføretaka. Derfor ynskjer vi å skrote helseforetaksmodellen.

Dette siste året med korona har vore ein prøvestein for norsk helsevesen og den lærdommen det gjev oss må vi også ta med inn i utviklinga av norsk helsevesen. Det har Bent Høie og Helse Sør-Øst ansvaret for i dag og det ansvaret må skjøttast klokt.

Kommentarer til denne saken