«Når utgangspunktet er som galest, blir resultatet titt orginalest». Dette er eit sitat frå Ibsen i Peer Gynt. Utgangspunktet til fylkeskommunedirektøren sitt forslag til fylkesbudsjett 2022 var åtte år med ei Solberg-regjering som har gjort det meste for å svekke fylkeskommunen. Regionreform med lovnad om nye, store oppgaver som enda med fleire tvangssamanslåingar, kutt i budsjett, nytt inntektssystem som vi tapar 25 millionar på kvart år, og store kutt på næringsutviklingsmiddel. For 2022 måtte fylkeskommunedirektøren derfor planlegge for kutt på mellom 60-90 millionar. Vi fekk ny regjering som snudde dette til pluss 32 millionar.

I debatten om vi skal behalde Innlandet eller dele opp att til Hedmark og Oppland er det Høgre som ropar høgast om å behalde Innlandet for å spare inn enda meir. Dei endra eit inntektssystem til å vektlegge meir folketal og mindre for reelle utfordringar som å kunne oppretthalde vidaregåande skular og tilbud og ikkje minst å kunne drifte og vedlikehalde fylkesvegar. Høgre vil jo legge ned fylkeskommunen og slå saman til store kommunar. Det er jo gratis?

For fylkeskommunen har regjeringa gjort store kutt i regionale utviklingsmiddel. I 2010 hadde Hedmark og Oppland til saman 161,8 mill. kronar til dette føremålet, men i 2020 var dette nede på 102,8 millionar kronar. Altså eit kutt på om lag 60 millionar kronar per år som fylket i samarbeid med næringsliv, og kommunar kunne drivi næringsutvikling og omstilling med. Dei kommunale næringsfonda vart kutta frå og med 2014 og dermed vart da 25,9 millionar som næringssvake kommunar kunne bruke til næringsutvikling også nulla ut. Distriktsmidla, dei såkalla frie midla, er radert bort. Som eksempel var desse i 2010 62 millionar kroner i Hedmark, mens dei var 6,1 millionar kroner i 2019. Tilsvarande tal for Oppland var 62 millionar kroner i 2010 og 3,9 millionar kroner i 2019. Eit kutt på heile 114 millionar kroner til saman per år! I sum er dette 200 millionar mindre kvart år for næringsutvikling i Innlandet!

Fokuset i debatten er at det skal sparast på sentraladministrasjon og politisk aktivitet. Det er ikkje slik at vi kan kutte og kutte og samtidig forvente å få same levering. Vi kan ikkje forvente at når stadig færre skal styre over stadig fleire skal det bli like gode prosessar og kontakt med dei vi skal samarbeide med. Per 2022 er det også mange frå Oppland som har slutta i sentraladministrasjonen. Det betyr at arbeidsplassane blir sentralisert.

Med eit dobbelt så stort fylke er det utfordrande både for administrasjonen og for oss politikarar å rekke over og vere den krafta som skal til for å løfte heile fylket. Da må fylkeskommunar få betre rammevilkår saman med kommunane. Ved å dele opp att til Hedmark og Oppland vil vi ha betre forutsetningar for gode relasjonar og oppfylging for å omsette visjonar og mål til konkrete handlingar.

Det som skulle vere ein region- og demokratireform har utvikla seg til ein innsparingsreform. AP/SP-regjeringa vil nå styrke offentleg forvaltning og politisk handlingsrom slik at vi kan byrje å jobbe med utvikling og ikkje avvikling.

Det hjelper ikkje med store ord og fine vendingar, om vi ikkje kjenner og samarbeider med dei det gjeld eller om vi ikkje har økonomi til å ha eit mannskap som kan gjere det.