Nynorsk på Nord-Aurdal barneskole

Når Nord-Aurdal barneskole opnar til hausten blir tre grendeskular samtidig nedlagde, og tre er nedlagde tidlegare. Tysdag vart det sendt ut eit brev til alle elevar med føresette, med spørsmål om kva for målform elevane vil ha som opplæringsmål.
Publisert 07.03.2012 kl 04:00 Oppdatert 07.03.2012 kl 13:28

Tips en venn på e-post:



Regelverket seier at elevar som blir flytte over til ein ny skule har rett til å halde fram med det opplæringsmålet dei har hatt. Leira skule har hatt nynorsk som hovudmål, Aurdal bokmål og Fagernes bokmål, med parallellklassar på nynorsk på enkelte trinn. I Vestringsbygda var det bokmål, mens det var nynorsk ved dei kommunale barneskulane i Ulnes og Skrautvål.

I opplæringslova § 25 heiter det: «Elevar som blir overførte til ein ny skole med eit anna hovudmål enn det dei har hatt på årstrinna 14, har framleis rett til skriftleg opplæring på det opphavlege hovudmålet. Dei har rett til norskundervisning i eiga gruppe, uavhengig av kor mange dei er».

Nokre kvir seg nok for å halde fram med nynorsk viss dei får vera i eiga gruppe berre i norsktimane. Derfor er det viktig at elevar og foreldre snakkar saman, og prøver å få til nynorskgrupper på minst ti elevar på kvart trinn. Det heiter nemleg i opplæringslova § 2-5: «Når minst ti elevar på eitt av årstrinna 17 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å tilhøre ei eiga elevgruppe. Retten gjeld så lenge det er minst seks elevar igjen i denne gruppa».

Elevar som blir overførte til ein ny skule har altså rett til å halde fram med opphavleg målform uansett kor få dei er. For å få til ein førsteklasse med nynorsk som opplæringsmål må det vera minst ti som ønskjer at barna deira skal ha nynorsk. Krav om nynorsk parallellklasse kan setjast fram heilt til skulen startar, men det er sjølvsagt ein fordel både for kommunen og for klassen om det blir klart tidleg.

Når kommunen spør kva for målform elevane vil halde fram med, kan det sjå ut som nøytral informasjon. Men styrkeforholda mellom nynorsk og bokmål er ulike, og mange vil velja fleirtalsmålforma dersom dei ikkje får meir informasjon om fordelane ved å velja nynorsk. Nord-Aurdal Mållag vil derfor gi foreldra tre gode grunnar:

- Fleire undersøkingar tyder på at elevar som har nynorsk som opplæringsmål blir flinkare i begge målformene enn dei som har bokmål i barneskulen. Frå ungdomsskulen av skal alle lære både nynorsk og bokmål, og då stiller nynorskelevane med ein fordel.

- Nynorsk er eit skriftspråk som byggjer på norsk talemål, og elevar som lærer nynorsk skikkeleg blir bevisste språkbrukarar. Nynorsk ligg også nærmast opp til valdresdialekta, og er derfor ein viktig del av valdresidentiteten.

- Forsking tyder på at dei elevane som blir stødige i begge målformer har ein større språkleg kompetanse når dei skal lære seg å forstå andre språk.

Det går for tida ein debatt om norskfaget. Eitt framlegg som skal vurderast er om elevar som søkjer opptak til høgare utdanning skal få eitt ekstra poeng for å ha nynorsk som hovudmål. Kunnskapsministeren legg i alle høve til grunn at det framleis skal vera skriftleg opplæring både i nynorsk og bokmål.

For styret i Nord-Aurdal Mållag

Bjørn Karsrud, leiar