Mest nøgd i små kommunar

Lokaldemokrati og nærleik til dei som styrar er viktig for innbyggjarane i kommunane. Dette ser ut til å fungere best i mindre kommunar. Det er berre to av mange viktige funn i ei ny undersøking av lokaldemokratiet i 82 kommunar som Kommunal- og regionaldepartementet og KS står bak.

Publisert 09.03.2011 kl 04:00 Oppdatert 09.03.2011 kl 10:53

Tips en venn på e-post:



Nokre månader før val av nye representantar til kommunestyre og fylkesting, legg eg spesielt merke til at lokaldemokrati ser ut til å vere viktigare for innbyggjarane enn dei tenestene kommunane leverer.

Det er eit viktig innspel til den stortingsmeldinga om tilhøvet mellom kommune og stat som regjeringa no arbeider med. Lokaldemokratiet må ikkje forsvinne under ei bør av statlege direktiv og lovfesta rettar om velferdstenester. Me må sikre lokale folkevalde armslag og innbyggjarane mulegheit til å påverke.

Det heiter gjerne at kommunen fylgjer oss frå vogge til grav. Eg meiner det både er riktig og bra. Me lever ikkje i ein velferdsstat, men i eit mangfald av velferdskommunar. Det gjer det muleg å tilpasse tenestene til lokale forhold. Resultatet er effektive og fleksible løysingar, takk vere dyktige kommunale medarbeidarar.

Men me er ikkje berre brukarar. Fyrst og fremst er me borgarar. Difor må me ikkje gløyme at kommunen også er ein arena for deltaking og påverknad.

Lokaldemokratiundersøkinga seier klårt at borgarane vil ha kommunen og dei folkevalde nærare seg. Dei vil vite meir kva som skjer i kommunale organ, korleis dei kan delta i politiske prosessar og kven dei kan påverke. Og sjølvsagt vil dei ha tilgang til informasjon om dei kommunale tenestene.

Eg legg også merke til at det i undersøkinga er ein interessant skilnad mellom store og små kommunar.

Innbyggjarane i dei minste kommunane er meir nøgde med mulegheitene til å påverke kommunale avgjerder enn innbyggjarane i dei største kommunane. Dei stolar også noko meir på eigne politikarar.

Demokratiutfordringa er altså større i store kommunar. Det er ei påminning til dei som snakkar seg varme om at store kommunar er best på alle område.

Uansett syn på storleik og tal, fortel undersøkinga at kommunen nyt tillit som demokratisk arena. Staten skal sikre handlingsrom og forsvarleg økonomi. Så må kommunane gjere sitt for å engasjere og involvere innbyggjarane sine.

Lokaldemokratiundersøkinga er eit godt hjelpemiddel for å gå i gang med eit slikt arbeid, også for dei kommunane som ikkje deltok. Hugs, det er berre få månader til lokalvalet, og engasjerte borgarar er engasjerte veljarar.

Liv Signe Navarsete (Sp), kommunal- og regionalminister