Øystre Slidre Bondelag har levert høyringsuttale til forslaget om utviding av Ormtjernkampen nasjonalpark der vi slår fast at forslaget til verneområde har blitt alt for omfattande og må reduserast.
Heilt frå varselet om oppstart av verneplanarbeidet har det vore ei klår tilbakemelding gjennom uttaler frå ulike instansar i Øystre Slidre at stølsområda må haldast utanom vernet. Området i Øystre Slidre er karakterisert av utstrakt støls- og beitedrift som vi meiner er uforeinleg med vern etter Naturmangfaldlova. Vi meiner at stølsdrifta og beitebruken i dette området er meir sjeldan og verdifull enn den urørte naturen. Det har ikkje nokon stad tidlegare blitt verna så store areal som er i aktiv bruk.
Øystre Slidre Bondelag meiner at utvidinga av nasjonalparken bør haldast innanfor det som var skissert i nasjonalparkmeldinga og ikkje omfatte Øystre Slidre. Sekundært meiner vi at Fullsenn landskapsvernområde skal takast ut av verneforslaget med bakgrunn i den store næringsaktiviteten i området. Vi meiner også at det er heilt nødvendig å trekkje grensa for nasjonalparken utanfor Haldorbuhamna. Her beitar eit stort antal dyr, og hamna har utviklingspotensial dersom forholda blir lagt til rette. Verneverdiane som er omtalt for dei to foreslegne naturreservata i vår kommune meiner vi blir dekka opp i dei indre områda av nasjonalparken.
Vi har gjort det klårt i høyringsuttala at fjellet og bruken av fjellet har vore og er ein viktig del av ressurs- og livsgrunnlaget for dei som bur i kommunen vår. Den vanlegaste driftsforma på gardane i Øystre Slidre er grovforbasert husdyrhald med bruk av utmarksbeite. Mjølkeproduksjonen står framleis sterkt, og over 80 prosent av mjølkeprodusentane reiser på stølen om sommaren og leverer mjølk derifrå. Også så og seie alle saueprodusentar og storfekjøtprodusentar slepper dyra på fjellbeite om sommaren. Det gode fjellbeitet er ein viktig føresetnad for store delar av landbruksproduksjonen. Det er også store dyrka areal i fjellet og mykje dyrkingsjord.
Det foreslegne verneområdet omfattar over 30 prosent av Øystre Slidre sitt totale areal og rundt halvparten av stølane i aktiv drift i kommunen. Vi kan ikkje akseptere at så mykje viktige støls-, beite- og dyrkingsområde skal vernast. Det vil gje uheldige restriksjonar og avgrensingar for å vidareutvikle den aktive bruken. Det må vere høve til å utvikle driftsmåtane i fjellet i tråd med endringane i landbruksdrifta elles. Eit vern vil i beste fall fryse fast driftsmåtane på dagens nivå.
Den største trusselen mot det opne stølslandskapet, dei unike bygningsmiljøa og det biologiske mangfaldet som kjem av stølsdrifta og beitebruken i Øystre Slidre, er mindre stølsdrift, færre beitedyr, mindre vedhogst, mindre bruk av husa og mindre annan aktivitet i fjellet. Denne utfordringa er vi best rusta til å møte om stølsområda held fram med å vere under lokal styring med dagens regelverk, kombinert med næringsutviklingstiltak som fremjar landbruket og stølsdrifta.
Magne Mjøs, leiar i Øystre Slidre Bondelag
|
Dette er plassen for dine idéer, meninger og forslag. Navn og adresse må i
alle tilfeller oppgis, også når navnet ikke ønskes i avisen. Vi
forbeholder oss retten til å forkorte lange innlegg. Tilsendte
innlegg blir ikke returnert. Adressen: Oppland Arbeiderblad,
Rambekk, Postboks 24, 2801 Gjøvik |
Alle som gir oss svar
innen 20. februar blir med i trekningen av et universalgavekort på 5000
kroner.
Vi trekker også ut 20 bidragsytere som hver får tilsendt en Oppland
Arbeiderblad dagtursekk.
Oppland Arbeiderblad er hele tida opptatt av å skape et godt redaksjonelt
produkt. Mange av våre lesere har sterke meninger om avisa om hva som
fungerer godt og hva vi med fordel kan forandre.
Herved er du
utfordret til å gi oss klar tilbakemelding.
Kommentarer kan komme på trykk i Oppland Arbeiderblad.
Dette kan du gjøre som medlem i mjosby.no:
I mjosby.no finner du soner om foto, musikk sport, mat, politikk, fiske, håndarbeid, hobbyer og mye mer.